Flokken minkar

Siste dag i påsken og det minkar på dei firebeinte. I dag reiste Sweet Little Missy/Sansa. Igjen er Hunt og Breeze. Hunt flytter med sekken sin på fredag. Breeze er fortsatt ledig for den rette heim.

Ellers rapporterer Milli/Zelfas Batgirl at det nye flokkmedlemmet oppfører seg fint. Iba/Zelfas Free Bird vart henta lørdag og turen heim gjekk fint.

Hunt og Breeze har vore på tur i gata og fått besøkt «oldemor»

Det merkast iallefall at det er færre kvelper ๐Ÿ™‚๐Ÿ•

Langfredag, påskefri og sol

I dag er det skikkeleg kosedag og me nyter soli. Alltid litt småhektisk siste dagane for å få alt på plass til levering.

I går reiste Saturday Night Special/Cuba og Georgia Peaches/Sika til nye heimar. Begge har hatt ein fin køyretur og komme vel fram  ๐Ÿ™‚๐Ÿ•

 

Siste dag med gjengen

I dag er siste dagen med heile gjengen. Skjærtorsdag flytter Georgia Peaches og Saturday Night Special til nye heimar. Påskeafta reiser Free Bird og 2. påskedag flytter Sweet Little Missy. On The Hunt venter med å pakke sekken sin og reiser til neste helg igjen så da blir det han og Call Me the Breeze som skal nyte full oppmerksomheit.

Breeze leiter etter ny heim og kan pakke sekken sin og flytte viss den rette familien dukkar opp.

Veterinær og biltur

Torsdag 6. april.

Tid for veterinærkontroll med vaksinasjon og chipmerking. Alle oppførte seg eksemplarisk og til tider vel avslappa. Dei sovna rett og slett på bordet. Veterinær Liv hadde sett av god tid og kvelpene fekk ei kjekk oppleving.

Etter kvalitetssjekken vart det lang biltur på heile gjengen sidan matmor skulle til Haukåsen for å hente Endre heim på påskeferie. Litt over 1 time kvar veg og dei sov stort sett på bilturen. Når vi først var på andre sida av fjorden, vart det òg ein tur innom veterinær Gunnar for å sjekke status etter lyskebrokkoperasjonen. 

Flyet fekk aldri lande, men tok turen tilbake til OSL så me returnerte til Årdal. Ingen vart bilsjuke.

Det ser ut til å bli litt meir stabilt vær no i helga så da blir det nok skogstur.

Kjekt med nye leiker

I dag var det skikkeleg ruskevær så lite kjekt å vere ute på føremiddagen. Da er det greitt å få nye ting å leike med. ๐Ÿ™‚ Kattetunnel er fin aktivitet og gir nye utfordringar. Nokon hadde herja litt mykje før dei fekk den, så dei vart fort sliten og gikk og la seg ๐Ÿ˜‡๐Ÿถ

Sånn har vi det

Me kosar oss

I dag er det 4. april og tiden for avreise nærmar seg styggfort.

Det er ein fin gjeng med kvelper og me kosar oss skikkeleg, sjølvom det til tider føles som me bur i eit stort hundehus.๐Ÿ•๐Ÿ˜€ Mykje besøk av stort og smått så dei får verkeleg treffe tobeinte. Likevel så er det viktig å gje dei tid til å roe seg ned og få den søvnen dei treng. Me vekker ikkje sovande kvelper.

Litt hektiske dagar med eine hannen som fekk lyskebrokk og måtte opererast i full fart. Fin form og full av energi før operasjonen og akkurat likeså etter operasjonen. Såret gror fint så det går fint med han. Bekymring og søvwnlause netter for oppdrettar har det likevel vore.

Kommande torsdag er det veterinærkontroll med chip og vaksinasjon. Litt før enn me pleier, sidan dei blir 7 veker lørdag, men påsken tek ein del dagar så denne gongen blir det sånn.

Lørdag blir det ein liten valpetest og så krysser me fingrar for at det no blir bra vær så me får prøve oss i skogen.

Innkallinga fungerer fint, dei er ute etter soving og mat så sakte men sikkert blir dei husreine. 100% vil det ikkje vere til dei flyttar ๐Ÿ˜‰

Ariel har stort sett berre tørrmelk igjen. Litt kos treng dei likevel så ho er innom nokon gonger for dagen å «dier». Ellers er ho i full gang med oppdragelse til dei skal ut i verden på eigenhand.

Soli skin og me fekk lov å ut

I dag var det nydeleg solskinn når matmor kom heim og me fekk vår første tur ut i hagen ๐Ÿ˜€

Slepp oss fri

I korte økter opnar vi no opp så dei får springe fritt. Har lagt billige tepper på golvet som tåler litt valpebruk og er lette å vaske. Unngår at dei må springe på parketten som vert for glatt til dei. Viktig å tenke førebyggande så dei får utvikle motorikk og musklar utan for stor belastning. Zelda og Ariel kosar seg ๐Ÿ™‚ Batman var ute i anna oppdrag med matfar.

Besøk av små og store tobeinte

Auka aktivitet i kvelpekassen gir og auka besøk som vil sjå og ta på puppisane. ๐Ÿ™‚

Forrige helg hadde vi besøk av kvelpekjøparar og denne helgi har vi hatt besøk på lørdagen av pappa Charlie med familie. Dei kom med stort påskeegg fyllt med godis til voksne og leiker til puppisane.

I dag har vi hatt besøk av Alice og Jonas som sette seg i kvelpegrinda ๐Ÿ˜ God trening.

Ellers har dei fått ny runde med ormekur.  Vi har opna grinda så dei komme ut når dei vil, men kun så lenge vi er her og passar på. 

Sjå også vårt fotoalbum på facebook

5 veker og vi bygger ut

I dag har vi laga til større plass og dei har fått meir leiker. Matmor har vore vekke 2 dagar på kurs og dei hadde vokse skikkeleg ๐Ÿ˜€๐Ÿถ så da var det berre å bygge ut.

1 månad gamle

18. mars og 1 månad gamle. Me ser forandring dag for dag ๐Ÿ™‚

Me veks og har fått større plass

No har vi sett opp kvelpegrind i stova så dei kan vere når vi er heime. Gradvis treng dei større plass og dei skal ha meir inntrykk på det som skjer i heimen i kvardagen.

Etterpå er det tid for ein liten runde i melkebaren.

Første måltid med tørrfor

I dag fekk dei sitt første måltid med tørrfor og det blir litt søl. Men, med god hjelp av Ariel får vi vaska og rydda etterpå.

Morgonstund 14. mars

No blir det meir og meir aktivitet på morgonkvisten. Nokon har allereie funne ut at doen er ikkje på teppe :)

Zelfas Skynyrd Edition

Det vart ikkje namn på C denne gongen. Sidan vi liker Lynyrd Skynyrd fann vi ut at denne gangen vart det Zelfas Skynyrd Edition og kvelpane har fått namn etter sangtitlar.

Nye bilder teke i dag søndag 12. mars som vi har lagt under fotoalbum.

Liv og røre i kvelpekassen. Dei får no maizienavelling med eggeplomme og babymousse eit par ganger for dagen. Ikkje heilt koordinert i bevegelsane og det blir mykje grising, men Ariel vasker opp.

I helga har vi sett opp ei lita kvelpegrind i stova så dei er med oss på dagtid. Ariel synes det er veldig kjekt, da får ho vere sosial med oss og samtidig kunne ha eit overblikk på kvelpene. 
Batman har fått helse på og synes dei er spennande. Han vil gjerne vere onkel ser det ut til.

Zelda har vi vore litt tilbakeholden med enno. Ho har ikkje fått lov å helse skikkeleg på dei, men studerer dei på avstand sidan ho hadde løpetid samtidig med Ariel. Litt innbilt drektig og trur nok ho gjerne kan adoptere dei :)

 

Hallo verden...

Første valp med opne auger.

Vi skriv 7. mars og i dag har alle opna augene. Allereie på fredag såg me antydning til at det var litt glipe på førstemann. Eine valpen hadde så klare auger på søndag at vi tok bilde. No venter vi til alle har fått opna dei skikkeleg før vi tar nye hovudbilder og annonserer navna.

Sidan sist har alle fått ein runde med kloklipp.

Dei har i dag fått sin første smak på Royal Canin sin babymousse. Smakte fantastisk!! men, vi begynner i det små så magane får tilvenning.

Beskyttelsekanten rundt kassen har vi tatt vekk og dei har fått litt plass til å begynne å trene på å tisse og andre nødvendige ærend.

Det blir meir og meir liv i kassen så no går det fort framover.

Zelfas c-gjeng 14 dagar

Lite nattmåltid, men nokon har berre lyst å sove.

Soving, mat, ormekur og bilder

9 dagar gamle og alt som skjer er mat og soving. Alle veks no fint og legg på seg slik dei skal. 

Ariel trengte litt tid på å få i gang skikkeleg melkeproduksjon. Ho har nok ikkje lagt godt nok på seg i drektigheita. Men, så fort magen var stabil har vi fora skikkeleg på så no er alt som det skal. 

I dag har alle kvelpene og Ariel fått ein runde med Bantminth pasta som har effekt mot spolorm og hakeorm. Det blir fleire rundar med det før levering ved 8 veker.

Vi har fått tatt enkeltbilde, men vi har ikkje klart å sette navn på alle sammen enno. 
I løpet av dei neste dagane startar vi med kloklipp og da blir det fast rutine 1 gang i veka.

Det er oppretta eige fotoalbum for C-gjengen. 

C-gjengen 5 dagar