NKK Ålesund 9. og 10. mai. Tid til tur vart det, sjølv om vi var i Ålesund på jobb for NKK Nordvest.

B-gjengen har flytta ut (delvis..) Batgirl reiser etter planen på torsdag..

Vi må flytte.... men, det skal nok gå bra med oss likevel :)

Betty Boop og Batgirl testar kreftene mot Batman og Braveheart.

Påsken er over og brått er det helg igjen

Ariel har fått vore med på fellestrening i hundeklubben igjen. Har holdt ho vekke frå treningsområdet nokon veker pga kvelpene og har prøvd å unngå dei mest "smitteutsette" områda ein periode.

Men, no er vi igang igjen. Kjekke lydigheit- og rallylydigheitstreningar med gode hundevenner gir god motivasjon. Har nok litt å trene på før Ålesund. Da skal Ariel og eg starte vår første offiselle lydigheitskonkurranse. Før den tid er det utstilling i Naustdal og rallylydigheitstevne i Luster hundeklubb.

Kvelpene lurer du på..? jo dei veks og veks, og har teke oss med storm :) Les meir om dei i kvelpedagboka.

Påske, besøk og late dagar..

Me starta påskeferien med storbesøk fra hundevenner og oppdrettarar. Ein riktig triveleg ettermiddag med kjekke folk. Renate og Inger hjelpte til med fotografering av B-gjengen. Kanskje ikkje beste tida for å ta bilder sidan dei utviklar seg meir dei neste vekene. Det vil bli ny runde med fotografering når dei er 7 veker gamle. 

Bildene er lagt i fotoalbumet under kvelpedagboka.

Kvelpane har fått helse på Markus

Markus fekk god kontakt med B-gjengen.

Endeleg fekk Markus (Zelfas Arn sin tobeinte bror) helse på kvelpene. Han har venta i spenning i fleire veker på rette tida for å få komme på besøk. Stor stas og kvelpane syntes han var deilig å tygge på og kose med...🤩

Kjempeflink gut som me håper kjem på fleire besøk. 

Litt av kvart..

Lars Gunnar, Ariel og Zelda på utsiktspunktet Moakamben.

29. mars 2015

I helga har vi hatt koseleg besøk av kvelpekjøparar. Kven som skal vere med heim er ikkje avklart enno, men at det blir Batman eller Braveheart er iallefall sikkert. 

Liten tur på Moakamben vart det på laurdagen. Det var ein akkurat passeleg tur for Zelda og bratt nok til at tobeinte fekk i gang blodpumpa. Ariel storkosa seg i skogen i full fart, høgt og lågt heile tida. Nærmar seg bandtvang og me har utvida periode her i Årdal som varar heilt til november.  

Litt nytt i kvelpedagboka med bilder og video.

Nytt frå oss

26. mar, 2015

Ny video er lagt ut under kvelpedagboka

Vart ein liten filmsnutt i lunsjen i dag. Batgirl er full av energi og styrer med alle.

25. mar, 2015

Tida går så altfor fort..

Vi har berre mandagar og fredagar no. Kvelpene er blitt 4 veker allereie og arbeidet er i gang for fullt.

9. mar, 2015

Valpedagboka er oppdatert

Litt oppdatering og nokon nye bilder er lagt ut i fotoalbum. Navn har vi bestemt og, men skal ta nye bilder av alle sammen først ;)

3. mar, 2015

Me et og søv...

Ja, stort sett så er det det som skjer her i huset no. Småttisane utviklar seg fint og Zelda er i fin form. Ariel synes at det er mykje rart ho skal bli utsett for. Nye lydar i huset, ikkje vil Zelda leike med ho... ho er rett å slett blitt "aleinehund" for ein periode. Fin utfordring og veldig nyttig erfaring som ho taklar kjempefint.

1. mar, 2015

Valpedagbok og nye bilder er på plass

Da har me gjort litt endring og Zelfas B-kull har no eiga side med informasjon om kullet, fotoalbum og valpedagbok

25. feb, 2015

Kvelpane er født

3 tisper og 3 hanner. Alt står bra til med mor og barn.

22. feb, 2015

Siste veka..

Drektigheitsdagboka er oppdatert. Me er no inne i sluttspurten før fødsel.

15. feb, 2015

Kurs og treningshelg

Zelda og Ariel har fått trene full rallybane i helgi. Litt rustne i første runde var me, men det tok seg opp.

8. feb, 2015

Årsmøter og andre møter

1. feb, 2015

"Pappa" Milo har vunne Cert i Tyskland

1. feb, 2015

Kom deg ut dagen

28. jan, 2015

Det går mot lysare tider..

25. jan, 2015

Feiring av det eine og det andre..

23. jan, 2015

Meir nyheiter

Da var navna bestemt på B-gjengen. Det vil og komme bilder av kvar enkelt..

Mor passar på.. alt står bra til.

Samarbeid med kennel Desperado

7 flotte kvelper, 5 hanner og 2 tisper født 6. mars på Kennel Desperado.

Me samarbeider med Kennel Desperado.  Aya fekk fredag 6. mars 7 flotte kvelper.

Med kort avstand i mellom oss og kort tid mellom kull på Aya og Zelda vart det eit naturleg samarbeid.

Følg Aya og Inger på kullet si heimeside.🙂