Batgirl har flytta til ny familie

Batgirl og Laila siste kvelden før ho reiste til ny familie.

Fredag 29.5.2015

I dag sette Batgirl kursen mot Bergen med sin nye familie og vi er sikker på at ho har fått seg ein trygg god heim.

Masse lykke til til finaste frøkna 🤩 du har sett dine spor i hjerterota desse vekene.

Batgirl 12 veker ung treng ny heim

Zelfas Batgirl

Batgirl kom tilbake til oss da ho var 11 veker på grunn av allergi i familien ho var flytta til. I samråd med dei har vi bestemt at vi skal finne ny familie til ho. Ho blir solgt frå oppdrettar, så alt praktisk i forhold til eigarskifte vert ordna frå oss.

Grunna eit lite underbitt er det ikkje ønskelig å selge ho for bruk på utstilling.  Ho har elles ingen anmerkning på helseattest. Er vaksinert og behandla for ormekur etter anbefaling, siste gang på 12 veker.

Batgirl er ei harmonisk, triveleg og sosial tispe. Ho er ein trygg, utforskande livleg kvelp som vi trur kan bli ein god brukshund (jakt, ettersøk, bruks, lydigheit m.m.) med stor apportlyst.

Skulle gjerne beholdt ho sjølv, men grunna bittfeilen kan vi ikkje det med tanke på vidare avl.

Vi ønsker å finne rette familien til Batgirl og leiter no etter ny eigar som er aktiv med jakt, ettersøk, lydigheit eller anna bruksaktivitet.

Siste nytt

20. mai, 2015

Sportrening

Alle 4 hundane vart "pakka" i bilen og me tok turen til Hafslo for felles trening med spanielgjengen. Zelda og Ariel fekk gå kvar sitt blodspor som var lagt av fremmande sporleggar.
Ariel fekk ein veeeeldig bratt sporstart, men det var ingen hindring. Sporleggar var av den oppfatning av kunne han gå så kunne hjorten gå... og det er jo heilt sant :) God fart i sporet, til tider vel fort så det må det trenast meir på. Veldig målretta og at 2 hjortar gjekk i sporet da det vart lagt var ikkje til hinder for godt utført arbeid.
Zelda fekk eit spor med mange utfordringar. Sporleggar hadde verkeleg leika seg i skogen for å lage "trøbbel" for oss med svensk tilbakegang, balansering på stokkar, og sprang rundt rotvelter og steinar. Me fekk godt tapsarbeid og Zelda løyste oppgåvene med glans og utan hjelp.
Superfornøgd med begge treningsspora!

Batman og Batgirl fekk leike seg med hjortefoten etterpå :)

13. mai, 2015

Batgirl flytta heim igjen.

Dessverre vart det rask retur på Batgirl. Familien ho flytta til allergiske reaksjonar og det vart bestemt at ho skulle komme tilbake til oss. Vi startar no arbeidet med å finne ny familie.. Batman vart veldig glad for å få ho heim igjen. Han syntes det var litt kjedeleg med "berre" storesøster Ariel og mor Zelda.

10. mai, 2015

Utstilling og jobb i Ålesund

NKK Ålesund gjekk av stabelen 9. og 10. mai. Ariel fekk vere med og vi nytta sjansen til å springe venstresvingar om morgonen søndag. Ho vann klassen sin (unghund) med excellent og fekk ein veldig god kritikk, men det var ikkje nok til å vere med vidare i konkurransen. Elles var det lange, kjekke dagar med jobb i informasjonsstanden til NKK. Ariel oppførte seg eksemplarisk og var strålande fornøgd med å få vere med matmor på tur heilt aleine. Zelda og Batman var igjen heime med matfar og kosa seg med turar og fotografering.

7. mai, 2015

Batgirl flytta ut

I dag vart Batgirl henta og flytta heim til sine nye familie. Gode tilbakemeldingar om at ho tilpassar seg fint i ny heim. Triveleg, trygg og delikat tispe.

5. mai, 2015

Utstilling, valpelevering, rallystevne, konfirmasjon...

Det har skjedd litt sidan dei første reiste til sine nye heimar.
Siste lørdagen i april flytta Braveheart/Tommi og Bluebell/Luna. Søndagen tok Ariel og eg oss ein tur til Naustdal på utstilling og kom heim med reserve Cert. Veldig fornøgd med det og ikkje minst var det kjekt at det vart leikekompisen Yksi (Desperados Finnwin) som tok Certet.

Så har me vore på tur til Luster på rallylydigheitsstevne. Det vart kun ein dag med konkurranse på Ariel og meg.. med disk som resultat. Men, me fekk gjort ein innsats på dugnadssida og arrangementet gjekk supert. Flott jobba av Luster hundeklubb!!
Konfirmasjon til finaste Emil har me òg fått med oss, og innimellom har det vore ein tur til Gardermoen for å sende Bodyguard til Sortland og Betty Boop kom heim til sin nye familie i Oslo. No er det lading av batteri..

Batgirl pakkar snippveska og flytter på torsdag. Ariel og eg tek turen til Ålesund på NKK utstilling.

23. apr, 2015

Vi pakkar snippvesker

B-gjengen er klar for avreise og er fullt opptatt med å pakke sekken sin.

19. apr, 2015

Valpedagboka er oppdatert

Mykje har skjedd siste vekene og no har vi endeleg fått oppdatert valpedagboka.

3. apr, 2015

Bilder og video

Det er lagt ut nye bilder av alle sammen og video filme søndag morgon.

25. mar, 2015

Kvelpene er 4 veker

I går måtte vi berre bade heile gjengen.. dei boltrar seg i maten og det er ikkje snakk om å vere danna og ete fint.

17. mar, 2015

Video er lagt ut

Vart ein liten videosnutt da dei var 17 dagar og filmen er no lagt ut på kvelpedagboka.
Ellers melder kvelpene at kjøtt er godt, men maiziennavelling kan Zelda ete.

Ariel kjedar seg....

Vil nokon komme på besøk berre til MEG snart...???

.. det er komme nokre "småkryp" som får oppmerksomheten til Zelda🤪

Visst får ho turar, spor og anna småtrening, men Zelda vil ikkje leike med ho... og matmor brukar mykje tid med Zelda og kvelpene. Jammen godt matfar bryr seg synes ho.💋

Ho får lov å betrakte kvelpene på god avstand og er forundra over dette nye som er komme i huset. Så lille frøken freken er plutseleg blitt stor.. ja, ja ho er berre 1 1/2 år. Men, ho har ikkje noko stress på det som foregår og har tilpassa seg veldig bra. 

Egentlig har ho veldig godt av å vere aleinehund. No må ho oppleve verden utan støtte frå mor Zelda og det er i grunnen greitt. Me burde nok vore mykje meir flinke til å ta ho med aleine, men med fleire hundar så er det veldig lett for at alle blir med. 

Laila er i tillegg begynt i full jobb igjen, så når ho er på kontoret så må Ariel finne seg i å vere aleine på "hunderommet". Zelda og kvelpene er på eige rom.

Fødselsveka vart kombinert med ferie/heimekontor, men no er det halve dagar på heimekontor og halve dagar fysisk på kontoret. Med kort avstand til rådhuset så fungerer det greitt og både små og store firebeinte har tilsyn.

Kurs og treningshelg

Denne helga har gått til kurshelg i regi av spanielklubben og Luster hundeklubb. Laila har vore med som hjelpeinstruktør. Zelda og Ariel fekk vere med i bilen og etter begge kursdagane vart det tid til gode treningsøkter med gjennomkøyring av full rallylydigheitsbane.

Begge to har super treningsiver. Zelda synes ikkje at drektigheit er nokon grunn for ikkje å trene så det var bra med litt hjernetrim for ho no når det er litt tungt å gå lange turar.

Ariel er knall å trene. Alltid klar og yter super innsats. Det er fortsatt mange øvelsar me ikkje har inne så vårsesongen må nyttast til innlæring av desse. Kanskje blir det LP stevne på oss og... kven veit.

 

Årsmøter og andre møter

Vinnarbildet på årsmøtet i NSK Sogn og Fjordane. Tindane i Jotunheimen i bakgrunnen.

Det er tid for årsmøter og siste veka har det vore årsmøte både i hundeklubben lokalt og avdelingsårsmøte i spanieklubben Sogn og Fjordane. Laila har i år tatt på seg sekretærvervet i hundeklubben. I spanielklubben er ho med som styremedlem.

Årsmøte i spanielklubben er alltid triveleg. Lars Gunnar vann hovudpremien i lotteriet, i tilegg fekk med med oss litt småpremiar. Og jammen vant Laila fotokonkurransen med Lars Gunnar som nr 2, så me var godt fornøgd med innsatsen der og. 11 bilder var med i konkurransen og det var årsmøtet som stemte fram bilda.

Innimellom har det vore historiekveld med sogelaget og dugnad i skyttarlaget, så fritidsproblem har vi ikkje. 

I helga har det vore ruskevær så det har ikkje blitt dei heilt store turane på Zelda og Ariel. 

Milo har vunne cert i Tyskland

Milo (Dexbenella Sirius Black)

Milo har vore på "Festival der Rassehunde" Castrop-Rauxel i Tyskland, judged by Vihra Grigorova, 1. februar og fekk Cert (V1 in Open with CAC & Club CACres)

Har fått dette fine bildet av han frå Susanne. 

Kom deg ut dagen

Sidan 1. februar er "kom deg ut dagen" så kunne me ikkje vere verre. -9 kalde, men me tok turen til Seimsåsen og fekk oss ein flott tur på truger.

Ariel fekk kondomdress på seg og det var stas. Ho herjar og leikar seg i snøen med stor glede. Zelda er litt meir forsiktig no og gjekk stort sett i sporet som me laga, men av og til var fristelsen for stor så ho måtte sjekke litt under busker og tre. 

Det går mot lysare tider

Zelda og Ariel seier aldri nei takk til tur i skogen..

Siste dagane har me komme oss ut på tur i skogen før mørket har teke heilt over. Godt for kropp og sjel for både to og firebeinte. 

Feiring av det eine og det andre..

I helgi har hundane og eg vore ein tur på Hesjabakken. Lars Gunnar er på jobbtur til Quatar så han har nok varmare forhold og mindre snø enn det me hadde... Heime i Årdal er det nesten ikkje snø, så det er litt klimasjokk å komme til Luster.

Tid til bursdagfeiring av Inger og anna feiring av fjorårets flotte resultat i lag med gode hundevenner vart det og. Kjekk helg med avslapping, god mat og turar.

Siste nytt

22. jan, 2015

Ultralyd i dag

Ein liten svipptur til veterinær i nabokommunen for ultralyd og me fekk bekrefta mistanken om at Zelda er drektig.
Da er det tid for å lage valpedagbok for vårt B-kull og alt som høyrer til i tida framover.

11. jan, 2015

Lite som skjer..

Det er late dagar inn i det nye året. Zelda og Ariel er i fantastisk fin pels og kondisjon no. Pelsen er mørk brun og blank på begge to, så akkurat no hadde det vore kjekt å vist dei fram på utstilling.
Det er 14 dagar sidan Zelda vart inseminert og ho oppfører seg med verdighet og ro. Me går no inn i tida der ho skal ha ro og ikkje utsettast for noko stress og smitte. Ariel synes ho er blitt litt kjedelig... ho boblar sjølv over av energi.

7. jan, 2015

2014 var eit aktivt år og det vises på resultatlistene her og der..

Zelda har i 2014;
- debutert i rallylydighet og er no i klasse 2
- starta i LP kl 2 og der har vi klart 3. premie
- godkjent Ferdselsprøve og har fått tittelen BH i "lista"
- godkjent NBF-bruks klasse D
- godkjent Jaktanleggsprøve
- gått til 1. og 2. premie på spor (det vart kun 2 startar)
- godkjent ferskspor
- godkjent som Ettersøkshund og er no på vaktliste i ettersøksringen
- fått 2 cert på utstilling der ho toppa det heile med BIR, BIS og BIG1 på Hundorp, CK på dobbelutstilling i Sverige

Ho er nr 3 på årets allsidighetsspaniel 2014, nr 4 som årets bruksspaniel, nr 4 som årets lydighetsspaniel 2014, nr 7 som årets rallyspaniel 2014 og nr 29 som årets sporspaniel 2014 (her har vi litt å ta igjen i 2015.. sidan ho var nr 3 i 2011).

Ariel er ikkje fortsatt veldig ung, men har i 2014 debutert på utstilling og rallylydigheit. Ho starta sitt første rallystevne i Lom berre 10 mnd ung.
-opprykk til klasse 2 i rallylydigheit og har starta med 2. premie
- BIR valp, CK på utstilling

Ariel har også gjort seg synlig på spanielklubben sine lister og er rangert som nr 10 på årets rallyspaniel. Dette er ei frøken med potensiale for mange og forskjellige aktivitetar, så 2015 blir nok eit morosomt år for ho.

1. jan, 2015

Godt nytt år!

Nyttårsfeiringa er over. Vi tok det heile med ro og gjekk inn i det nye året utan dei heilt store bekymringane. Ariel lurte litt på alt lyset og hylinga som var ute, men med litt aktivitet var det ikkje noko å bry seg om. Zelda sov seg gjennom bråket.
Nytt år gir nye blanke ark og utfordringar. Så får tiden vise kva vi finner på her i huset. Litt planar har vi no... ;)

30. des, 2014

Planar for 2015

Vi kryssar fingrer og poter i tida framover. Håper på vårt B-kull ved Kennel Zelfa i slutten av februar 2015 etter vår NSVCH BH Desperados Zelda og Dexbenella Sirius Black (Milo).

30. des, 2014

Ny mal for heimesida

Prøver no å bygge opp heimesida med ny mal, vennligst vent....