6 kvelper på kennel Zelfa

Dag 61, 18. februar, kom det 3 tisper og 3 hanner i løpet av ettermiddag/kveld. Fødselen var enkel og ukomplisert. 

Ariel er omsorgsfull, stuller og steller med dei små så det er fin ro i kassen.

Opp i all gleden over at det har gått så fint, har vi likevel fått ei ny oppleving. Ein hannkvelp er født med stumphale og ei tispe med haleknekk. Vi håper det ikkje vil gje noko utfordingar framover for dei.

2 kvelper har sporer, men det visste vi kunne komme sidan Ariel har sporer sjølv.

Alle er livskraftige og i fin form.

I dagane framover blir det å passe på at det er tørt og rolig i kvelpekassen, og at dei får i seg nok mat.

Hann født 17.05 330 gram

Tispe født 17.10 380 gram

Hann født 18.10 370 gram

Hann født 18.35 350 gram

Tispe født 19.05 380 gram

Tispe født 20.40 320 gram

17. februar og dag 60

Intet nytt å fortelle. Ariel er meir urolig og graver litt her og der. Temperaturen går litt opp og litt ned, men ikkje nok til at fødsel startar. Sover mykje og det er bra så får ho samla krefter. Matlysta er fortsatt god. 

Charlie og Ariel 11. februar 2017 (foto: I. Handegård)

Ariel dag 54 i drektigheten

Liv og røre i magen i kveld..

Magen veks

Okay da.. du får ta eit bilde da. Ariel på tur dag 53.

11. februar og dag 54 i drektigheita.

I dag er det årsmøte og aktivitetsdag i NSK Sogn og Fjordane. Sidan eg er leiar og medarrangør tek me turen til Skei heile gjengen. Hundane får på seg gode Canelana ulldekken så dei held varmen i bilen. Me skal møte Charlie igjen så kanskje det blir mulig å ta "skikkelege" bilder av dei kommande foreldre.

Ariel er i fin form, god appetitt, blank og fin i pelsen. Magen veks og ho er tung i sessen. No kjenner vi og aktivitet der inne så nokon små firebeinte kjem. Ho seier ikkje nei takk til tur og ruslar i eige tempo. Vi legg ikkje ut på dei heilt store langturane no, men finn plassar der Zelda og Batman får springe fritt å brenne av seg litt energi. 

Veke 7

Ariel 7 veker drektig

6. februar og det er 49 dagar sidan parring.

Magen veks og Ariel er begynt å oppføre seg som veeeeldig drektig. Ho passer fint på å minne oss om at måltid skal serveres fleire ganger for dagen. Gir no Royal Canin Starter (kvelpefor) 3 ganger for dagen. I tillegg får ho litt youghurt, rått egg, middagsrester m.m. Viktig med variert kost.

Livvidde er 68 cm, som er 8 cm auke sidan forrige måndag.

Dei neste 2 vekene er dei tyngste for drektige tisper. Kvelpene er ferdig utvikla og skal no vokse og gjere seg klar til fødsel. Det blir derfor rolige dagar for Ariel framover, ho skal få styre tempo og vere med på det ho orkar.

Denne veka skal vi gjere klar kvelpekasse og sjekke at vi har i hus alt som trengst til fødsel.

 

Ultralyd - dag 34

Litt uskarpt, men kvelper fann me.

Hadde egentlig bestemt meg for at eg ikkje skulle ta ultralyd denne gangen.

Var 97% sikker på at Ariel var drektig. Ho har vist alle symptom på drektigheit og er begynt å vokse i omfang. Men, så var det den tvilen da... og ønske om å planlegge vårsesongen dersom det kun var inbilt.

Så da vart det ein tur til Gunnar-dyrlege i går ettermiddag og me fekk stadfesta at der var det fleire små :)

No er det full fokus framover på rett foring, klargjering av kvelperom og utstyr. 

Ariel er i fin form.

 

24.1.2017

 

Løpetid og parring

Etter min kalender og oversikt skulle Ariel komme i løpetid månadsskiftet desember/januar. Frøkna hadde nok andre planer og overraska oss alle da løpetida starta tidleg i desember.

Mandag 19. desember vart det tur til Nordfjordeid og vi hadde ein vellykka date med Charlie og Ariel. 

Går alt som planlagt er det forventa fødsel i veke 8 2017.