Kennel Zelfas A-kull

NUCH Zelini's Surfers Paradise (Ragg) - NSVCH Desperados Zelda

3 tisper og 2 hanner vart født 7. august 2013;
Ariel (t), Azalea (t) og Arn (h) er lever/hvit.
Aldo (h) og Arwen (t) er tan.

Begge foreldre har HD A, innavlsgrad for kullet er 0,296, gonoskiopert og er augelyst fri i 2013.

Ragg; HD-Index: 106,81  ES:0,62  MS: 0,63
Zelda; HD-Index: 111,88  ES:0,68  MS: 0,63

Desperados C2-kull

Streamside’s Indian Yellow (Doffen) - Desperados Zelda

Zelda hadde sitt første kull under kennel Desperado.

5 valper født 7. april 2011; 1 tispe og 4 hanner.

Meir informasjon om C2-kullet finn du på desperado.no

 

A-kull - informasjon og bilder

Arwen er solgt til ein triveleg familie i nord. 

Arwen reiser nordover søndag. Tenkjer det blir litt rart i heimen første dagane. Ariel kjem nok til å merke at søstra reiser og det blir ein ny kvardag for oss. 

Så da var valpekassa tom for denne gang... og vårt herlege A-kull skal ut i den store verden.

Aldo har flytta og..

10. oktober flytta Aldo til sin nye familie i Hokksund. Her kjem han til å få eit godt og aktivt liv som jakt og ettersøkshund. Det vert rapportert frå alle 3 som har flytta ut at dei har det bra og slår seg fint til ro i den nye heimen. Arwen ventar fortsatt på ny heim...

 

Arn og Azalea har flytta ut.....

6. oktober

Da var tida for å sleppe dei små ut i den store verden og møte sine nye familiar. Arn og Azalea har i helga flytta ut. Arn reiste ikkje så langt, berre nokre gater lenger opp, så han får vi gleden av å treffe igjen ofte. Azalea tok likegodt å flytta til Arna, men det er ikkje så langt det heller så kanskje møter vi ho igjen ved høve. Dei er iallefall i trygge hender og vi ynskjer dei og familiane masse lykke til.

 

Arwen og Aldo er fortsatt igjen i flokken og vi håpar det kjem ein kjekk familie som ynskjer dei som familiemedlemer. Ariel skal vere her og planane for ho ligg klar... spor, ettersøk, lydigheit og kanskje litt til...

1. oktober og snart 8 veker......

I morgon er dei 8 veker og så smått klar for levering. Siste veka har vore full av opplevelsar. Ormekur, den siste før levering, er innteke til like store om ikkje verre grimasjar enn tidlegare. Dotreninga går fint og det har vore fleire morgonar som det har vore tørt og fint inne på rommet. Og så er dei blitt skikkeleg flinke på innkalling. 

Lørdag var dei på sin første biltur. Lars Gunnar og Fargo reiste til Balestrand på hjortejakt og Zelda og eg tok med oss kvelpane til Gaupne og Hesjabakken. Me har ikkje vore der sidan kvelpane var 14 dagar gamle. Da hadde dei verken hørsel eller syn. No fekk dei springe fritt i hagen og det var stor stas. Tok ein liten video av første økta i hagen og så var det tid for ein liten kvil foran ovnen. Inger (kennel Desperado) kom innom og fekk sett over dei før me hadde fotoseanse på hagebordet. Så var det foring og ny kvil før me starta på turen heim. Bilturen gjekk forsåvidt greitt, litt oppkast i buret på turen innover og litt sutring. Men, stort sett sov dei. Turen heim gjekk mykje betre, ingen oppkast og dei sov stort sett heile tida. 

Søndag ettermiddag vart det ny køyretur. Da tok me turen til Offerdalen og Seimsåsen. Vegen dit, rettare sagt tunellen dit, er kåra til "norsk attraksjon" av Linda Eide. Det gjekk veldig greitt å køyre den bratte, mørke tunellen og alle overlevde... Vel oppe på Seimsåsen fekk store og små springe fritt. Sidan dette var så kjekt så vart det ein ny tur på Seimsåsen måndag ettermiddag i flott solskinn ogLars Gunnar nytta sjansen til å filme litt.

 

Og i dag har me vore på veterinærkontroll og alle er no sjekka frå topp til tå, fått vaksinasjon og chip. Det var 5 utruleg kjekke kvelper som inntok veterinærkontoret. Vart i grunnen mektig imponert over kor avslappa dei var. Dei sto som tente lys på bordet og venta tolmodig på sin tur. Arn tok likegodt og sovna oppe på bordet. Kjekt å sjå at arbeidet me legg ned med trening på handtering fungerer. 

 

 

7 veker - 25. september

Så var dei plutseleg 7 veker. Dei er no kvelper med høgt aktivitetsnivå og held ut lenger og lenger. No er det ikkje berre mat og soving som er i fokus. Dei får springe mykje fritt rundt i første etasje, men innimellom tar me timeout og dei må inn på kvalperommet. Men, aller kjekkast er det å få vere med oss vaksne to- og firebeinte i stova eller ute i hagen. Heldigvis har det vore flott haustvær siste veka. Me har sola i fleire timar så det hjelper litt på varmen ute. For me er begynt å merke haustkulden. I dag var det 5 grader på morgonen. Passar derfor på at dei blir tørka godt når dei har vore ute. Fort det kan bli litt smårusk med blautt og kaldt gras. Spesielt tispene er utsett for blærekatarr og det vil me jo ikkje utsette dei for. Me har besøk av små og store og tar i mot alle med opne armar og skarpe tenner. Dei måler krefter med kvarandre og det kan til tider sette søskenkjærligheten på prøve. Zelda passar på og gir beskjed når ho synes det er nok bråk. Fargo er berre snill onkel. Han er utruleg tålmodig og lar dei få styre på. Azalea elskar å ligge i senga hans og gjerne med Fargo som pute. Aldo og Arn har Fargo som den store helten og dei gjere alt dei kan for å få oppmerksomheten. 

Så no går det i dotrening, kloklipp, handtering, pelsstell, innkalling og meir til. Innkalling med plystring går supert. Altfor supert :o) så gløymer me oss så heng det 7 stk rundt føttene på oss og lurer på om det var no det var mat/godbit å få.... 

Tidleg neste veke er det veterinærkontroll og så nærmar det seg avreise for førstemann (dame)..

Nye videoar er lagt ut.

Me har enno 3 kvalper ledige. 1 tispe og 2 hanner. 

5 1/2 veke

Me har piraya i huset.. ikkje mindre enn 5 stk. Dei elskar å bite i tå og henge i buksene. No får dei turar ut i hagen og utforske verden ute. Dei har fått ta i bruk heile rommet. Kassen er skifta ut med eit bur med teppe over så det blir ei lita hule og dei har fått ei seng som dei kan krype opp i. Ny runde med ormekur er gjort, kloklipp, trene på bord med å stå og bli handtert er fast økt kvar dag. Fargo er superkjekk onkel og dei synes det er stor stas å krype og klatre på han. Zelda kosar seg med dei, oppdrar dei og leikar med dei. 

Inger (kennel Desperado) har vore innom og helst på. Ho var så grei å hjelpe meg med å ta nye bilder av dei. Godt å få hjelp av erfarne oppdrettere. Bildene kan de sjå i album og album på facebook. Her oppdaterer me med nye bilder fortløpande.

Ny video er lagt ut på YouTube

30 dagar - 6. september

Tida går så fort... onsdag var dei 4 veker og planen var å få oppdatere heimesida den dagen. Ja, ja så vart me litt på etterskot. Førehandsregistreringa er gjort i NKK og alle har fått registreringsnummer som me skal ha med til veterinær når dei skal chippast.

Det begynner å merkast meir og meir at me har kvelper i huset. I dag var det 5 morgonfriske småttisar som ROPTE etter å få komme seg fri frå sperringane. "ME VIL UUUUT" jubla dei i kor. Så mens me venta på at maten skulle bli klar vart det ein tur inn i stova. Der vart frukosten servert og Zelda opna melkebaren til dessert før det var tid for å komme inn igjen i nyvaska rom og reine tepper. Yeaaa sa dei og tissa med dei var god til.

No blir det fine tider framover. Dei er stødigare på beina, dei leikar med kvarandre og tøyleiker, dei slåst, bjeffer, uler og skrik. Tennene er begynt å komme skikkeleg og det klør i munnen. No er det 4 måltid for dagen og alle spretter opp når vi plystrar matsignalet. 

Legg link til ein liten videosnutt som vart filma i dag.

 

 

3 veker

Da er "småttisane" blitt 3 veker og det er slutt på "slaraffenlivet" til matmor. Dei har siste dagane fått prøve seg på maiziennavelling, Royal Canin sin Starter og babymousse. Andre runde med ormekur er òg innteke med store grimasjer. Me har opna opp kvalpekassen og laga til ei lita inngjering så no kan dei begynne trening med å tisse/bæsje. Zelda er begynt å ta siste kveldsstell når vi legger oss, og så fort det er ro i kassen kjem ho opp på rommet vårt for å få ligge under dyna. Skal ikkje vere mykje pip før ho er på plass i kassen igjen.  

Klikk på bildet og de kjem inn i fotoalbumet som ligg på facebook

 

19 dagar - 26. august

Me er kommen heim til Årdal og turen gjekk veldig fint. Siste veka har berre vore kos i det fine været. Lars Gunnar begynte på jobb igjen i dag og matmor skal begynne igjen tysdag. Blir mykje jobbing frå heimekontor fram til kvalpane er 8 veker og skal leverast.

Det er berre litt nytt å fortelle om småttisane enno, men alle har opna augene og det er tydeleg at dei begynner å høyre. Er masse lyd i kassen når me kjem inn til dei eller dei merkar at me er der. I kveld har dei fått sin andre kloklipp. Dei har fått litt rått kjøtt både i går og i dag. Hjortekjøtt var deeilig.... Alle har dobla vekta og meir til. Skal få ormekur nr to i morgon og onsdag er dei 3 veker gamle. Tenkte me skulle få tatt skikkeleg bilder av dei igjen da. Zelda styrer på og i dag fekk ho seg ein skikkeleg skogstur. Superkjekt å få springe i skogen igjen. 

Men, her er litt video som de kan kose dykk med: A-kull 16 dagar gamle  

1,5 veke - 18. august 

Alt er stilt og roleg i kassen. Tiden går med til å ete og sove. Dei har fått sin første ormekur og det var ikkje akkurat det beste dei hadde smakt. Zelda syntes iallefall det var pyton... ellers så steller og vaskar ho så det er gullande reint i kassen heile tida. Alle har lagt godt på seg, men det er tydeleg at gutta er dei som veks fortast. 

Fargo har vore her med oss nokon dagar og me har nytt dei dagane som det har vore opphold til å vere i skogen. Zelda syntes det var kjekt at Fargo kom og har ikkje problem med at han er her. Men, han veit nøyaktig kvar grensa går for å nærme seg kvalpane. Eit blikk er nok...

Startar pakking i dag og flyttar heim til Årdal i løpet av morgondagen. Nye bilder kjem når augene er opna.

9. august

Da var det lagt ut nye bilder og stor takk til Inger som hjelpte til med fotograferinga. Lite nytt å fortelje enno. Det går i mat og soving, føles som ammetåke for min del. Zelda er begynt å ta litt småturar ut av kassen og iallefall når ho synes serveringa av mat går for tregt. 

Har hatt alle på vekta i dag og det er litt forandring opp/ned. Arn er vel den som tar mest for seg i matfatet og det synest. Zelda ligg fint i temperatur, men har litt småtrøbbel med dei bakerste puppane så eg prøver no å massere og passe på så det ikkje blir noko betennelse. 

Navn er no sett på alle sammen og det vart Aldo, Arn, Arwen, Ariel og Azalea.

8. august

Stilt og rolig i kvalpekassa. Zelda er "hønemor" så dei blir dulla og vaska med. Skal prøve å få ta bilde av kvar enkelt i kveld og kanskje eg klarer å bestemme meg for navn på dei to som fortsatt er uten navn. 

Har laga til fotoalbum som eg kjem til å legge ut bilder i. 

7. august 

Temperaturen begynte å gå ned om kvelden 6. august og oppblokkinga var i gang rundt midnatt. Så da var det berre å vente til det var klart for fødsel. Fekk no sett direkte frå landsskyttarstevnet..

Første pressveen kom ca. 15.48 og det tok berre nokon minutt før første kvalp var født. Etter 2,5 timar var det over. Alt gjekk veldig bra og det var ikkje noko stress. 

Me fekk 5 livskraftige kvelper; 3 tisper og 2 hanner;

1. Lever/hvit hanne, bærer for tan - 450 gram (Aldo) 
2. Lever/hvit tispe - 375 gram (Azalea)
3. Lever/hvit hanne - 420 gram ((Arn)
4. Lever/hvit tispe - 370 gram, bærer for tan (Arwen)
5. Lever/hvit tispe - 350 gram, (Ariel)

Zelda er roleg og steller pent med dei små. No blir det å slappe av resten av kvelden og natta for oss alle sammen.

 

 

 

6. august - dag 60

Da var me på plass på "fødestova" Hesjabakken. Flytta innover i går kveld med god hjelp av Lars Gunnar og Fargo. Har fått gjort alt klart til fødsel. Mat er fyllt opp i frys og kjøleskap så no er det berre å slå seg til ro. Blautt og utriveleg vær ute og i dag tidleg har me fyrt i ovnen.

Har sidan fredag teke temperaturen ein gong for dagen på Zelda. Da me sto opp i dag tidleg var den 37,2 så no er den på veg nedover og sjekkar no kvar 4. time. Zelda er litt rastlaus, hadde ikkje matlyst midt på dagen, men den kom igjen. Hadde tenkt oss ein tur i dag, men no blir det berre lufting i hagen.


Stille før stormen

8 veker

Ja, så var vi der.. fredag 2. august var det 8 veker sidan første parring og vi er no i gang med siste veke i drektigheten. Zelda har like stor matlyst og er sprek som ei loppe. Fredag ettermiddag var vi på fjellet på hytta til søstra/svoger og feira bursdag. Fargo og Zelda syntes det var veldig kjekt å få gå fritt i området rundt hytta og litt søk etter godis i lag med Foxi (toller) var ikkje å forakte. 

I dag (laurdag) har me vore heime og gjort klart kvalperommet, rettare sagt kontoret, til me kjem heim frå "fødselsoppholdet" i Gaupne. Tenkjer me blir iallefall første 14 dagane i feriehuset i Gaupne før me flytter heim til Årdal. 

Zelda får no veldig variert kost. Har prøvd å få tak i lever i dag, men det er ikkje så enkelt. Tenkte ho kunne få litt rå lever før fødsel så magen blir vant med dette. Elles går det no i kvalpefor, vom og hundemat, egg, middagsrester, grønnsaker og alt som er godt og meir til. Kjøpte høne i dag som eg skal koke. Blir god kraft og litt kjøtt til å spe på maten med.

Er begynt å sjekke temperatur kvar morgon. Livmål er no 78 cm og det er masse liv og røre....

Og me er begynt på ferie :o) mandag flyttar me til Gaupne og finn roen i huset. 

 

Zelda har fått "pærefasong" Litt mage er det blitt...

 

Dag 52...

Kalenderen viser 29. juli og me er kommen til dag 52 sidan første parring. På ultralyd fann me 5 fosterblærer med litt usikkerheit om det kunne vere fleire. Fekk derfor gjort avtale med veterinæren i Sogndal om å ta røntgen på dag 52. Det passa veldig godt å ta turen over fjorden sidan me skulle til Gaupne med diverse utstyr, klargjere kvalpekassen og innom Desperadogjengen for å helse på gjestene frå Danmark. 

 

Svigerfar har laga flott kvalpekasse til Zelda :o)
Luke og innvendig ramme setter me ikkje inn før etter fødsel.

Røntgenbilde dag 52... me fann 5 her og...

 

7 veker 

I dag, 26. juli, er det 48 dagar etter første parring. Zelda har auka mykje i livmål siste veka og er no 70 cm. Det ser ut som ho ber kvelpane langt framme slik som sist. Dei fire bakerste pattane er store og begynt å fylles. Ellers er Zelda uforskamma frisk og opplagt. Forrige kull hadde eit snitt på 425 gram pr kvalp ved fødsel, så dette blir spennande.  

Har avtale med veterinær om røntgen etter helgi. Da er det dag 52 etter parring.

"Tispa begynner å bli ”stor”, og melkeproduksjonen er i gang. Dievortene er oppsvulmet, og hun slikker dem ofte, det kan dryppe melkedråper. I løpet av denne uken vokser håret/pelsen ut, forbeiningen i knoklene har kommet så langt at man fra 49. dag kan se på røntgenbilder. Poter og tredeputer er ferdige, forstrene ser ut som ferdige valper. Fra nå av skal de bare bli større, de kan ennå ikke leve utenfor livmoren. (Fra ca dag 60 kan fosteret overleve utenfor livmoren)."

6 veker

Tida går utruleg fort. No er det berre 3 veker igjen og det begynner å merkast på Zelda at ho er drektig. Siste dagane har me fått nydeleg sommarvær, "litt varmt" synes Zelda og legg seg likevel i sola. Livmålet er i dag 66 cm som er 2 cm meir enn ved sist drektigheit målt på samme tid, og ho har lagt på seg ca 1 kg sidan parring. Er begynt å fordele maten over 3 måltid for dagen. 

"I begynnelsen av denne uka skilles alle tær, og i slutten av uka dannes klørne. Nå forlater fosterets tarmsystem navlestrengen og finner sin endelige plass i bukhulen. De ytre kjønnsorganer begynner å forandre seg til hunn- og hannkjønnsorganer. Værhårene som i forrige uke ble anlagt, vokser ut. Øyelokk og øreflipper vokser denne uka så mye at de dekker øyne og øreganger.

5 veker

Matlysta er på topp... Zelda veit ikkje til å få nok mat og synes i tillegg me er ekstremt trege med å gje ho matskåla når det er foringstid. Da går ho rundt seg sjølv og alle andre. Ho prøver seg på å stjele mat frå Fargo. "Flytt deg.. eg vil ha meir" er vel rette uttrykket på ho. 

Men, ho er stram og fin i kroppen.. og så har ho skinnande blank pels :o) skal prøve å ta bilde av ho i helga.

4 veker

I dag er det 4 veker sidan første parring og me tek turen til veterinær for å prøve ut ultralyd. Ved forrige kull tok me ikkje ultralyd, men konstaterte ut frå andre omstendigheiter at Zelda var drektig. Og Zelda vart veldig drektig med ein gong sist. Denne gangen er me nesten sikker på at ho er drektig og med ultralyd fekk me bekrefta at det ER ho. 5 stk klarte me å telje så får me sjå etterkvart om det ligg fleire skjult. 

Det har ikkje vore noko spesielt dei første vekene. Litt struttepupp, ingen kvalme, litt meir kosete enn vanleg og ekstremt egen. Alt eg ser er MITT meiner Zelda og tar gjerne å nappar tøydyr, sokkar, sko m.m ut av munnen på Fargo. Han er tålmodigheten sjølv og tenkjer vel i sitt stille sinn at det blir verre...

Juni 

Fredag 7. juni pakka me i bilen og tok turen til Lillestrøm. Zelda skulle på "date" med Ragg (NUCH Zelini's Surfers Paradise). Det gjekk VELDIG fint. 

NUCH Zelini's Surfers Paradise NSVCH Desperados Zelda
foto: Svein Schjølberg/Heidi Fosberg foto: Inger Handegård


Mai

Augelysing, endeleg valg av hannhund og så løpetid... Ingen merknad på augelysinga så det gjekk veldig greitt :o). Avklaring på hannhund gjekk òg veldig greitt. Men, Zelda kom i løpetid før "kalendaren" og da skjedde alt veldig fort...