Kennel Zelfa er ein ung kennel for oppdrett av Engelsk Springer Spaniel.
Zelda hadde sitt første kull i 2011 under kennel Desperado med Inger Handegård som oppdrettar. Det vart starten på tanken om å ha eige kennelnavn og oppdrett. Inger er vår mentor og gir oss verdifull støtte i arbeidet med å forstå og verdsette rasen. Vi har hatt 3 kull under Kennel Zelfa.
Kvelpene veks opp inne i huset med oss og opplever dagleglivet i ein familie på nært hold. Dei har eige rom ved sida av stove/kjøkken, men etterkvart som dei veks til er dei mykje med oss elles i huset.
Som kjøpar får du med:
- Norsk Kennelklubb sin kjøpekontrakt med vedlegg
- Veterinærattest
- ID-merka (microchips)
- Vaksinasjon etter veterinær sin anbefaling
- Kvelpepakke med fôr og litt utstyr
- Diverse informasjon om pelsstell og kvardag
- Gratis klypp og grunnleggande opplæring i klipping til hunden er eitt år.
Oppfølging og kontakt så lenge du ynskjer det.
Vårt mål med oppdrettet er å avle fram gode, rasetypiske hundar med fokus på helse og brukseigenskapar.
Familien "Røneid"
Me bur på Årdalstangen, som er ein av to tettstadar i Årdal kommune. Geografisk ligg me i enden av Sognefjorden og i bygda der "Sognefjorden går på land".
I familien "Røneid" er Laila og Lars Gunnar, to søner som er flytta ut og dei firebeinte Ariel og Batman.
Laila jobbar i administrasjonen i kommunen og Lars Gunnar jobbar på
Hydro Aluminium.
I fritida vår er me aktive på ulike område; men det meste av tida blir brukt til turar i skog og mark, trening/konkurranser, jakt, ettersøk m.m.
Me var første
gangs hundeeigarar og utgangspunktet for å skaffe hund var å få godkjent ettersøkshund til hjortejakt. Tilfeldigheiter gjorde til at Desperados Wells Fargo kom til oss i 2008, han var da 1 1/2 år gammal. I 2010 var Zelda, som
da var 14 mnd gammal, på jakt etter ny heim og det var naturleg for oss å ta ho inn i familien. Til stor sorg er ikkje Fargo lenger med oss, men vi har nye tilskudd i flokken med Ariel og Batman.
Hundane er blitt ein
stor del av familien og me har brukt mykje tid på ulike aktivitetar. Mykje meir enn me hadde trudd da me "berre skulle ha ein familiehund/jakthund". No er me aktive med lydigheit, rallylydigheit, brukshundtrening, blodspor, ettersøk, litt utstillingar og
mykje mykje meir.
Laila er godkjent NKK trinn I instruktør, har gjennomført NKK sin oppdretterskule m.m
Lars Gunnar og Batman er godkjent ettersøksekvipasjer.
Lars Gunnar og Batman er godkjent ettersøksekvipasjer.
Nyeste kommentarer
Hei.
Jeg har fått dere anbefalt av venn og nabo som har tispe fra dere. En nydelig hund med fantastisk gemytt. Jeg ønsker engelsk springer spaniel fra en solid og seriøs kennel.
Takk for hyggeleg melding, Har sendt deg ein epost :)
Hei! Snakket med en koselig dame som hadde fått en tispe av dere for to år siden, og hun anbefalte dere varmt. Vi er nemlig på jakt etter en ESS med godt og rolig gemytt. Vi har en collie på 9 år.