6 valper født 25. februar
I løpet av føremiddagen i dag kom det 3 tisper og 3 hanner. Zelda har vore kjempeflink og fødselen gjekk utan komplikasjonar. Zelda starta oppblokking natt til i dag.
Valp 1: Tispe født 12.05 - lever/hvit 370 gram (Betty Boop)
Valp 2: Hann født 12.40 - svart/hvit 450 gram (Batman)
Valp 3: Hann født 12.56 - svart/hvit 360 gram (Braveheart)
Valp 4: Hann født 14.03 - lever/hvit 410 gram (Bodyguard)
Valp 5: Tispe født 14.35 - lever/hvit 350 gram (Bluebell)
Valp 6: Tispe født 14.50 - svart/hvit 380 gram (Batgirl)
Alt står bra til med mor og barn. Livskraftige kvelper som kasta seg over puppen og sug som igler. Roen har senka seg, Zelda har fått påfyll med mat og drikke, ein liten luftetur og dusj så no er det tid for litt velfortent søvn på Zelda og oppdrettar. Dei neste dagane blir å følge med på utviklinga og at alt går som det skal. Første 3 døgn er kritisk og vi føl nøye med.
Kjem meir bilder etterkvart.
- 22. feb, 2015
-
8 veker - 56 dagar
Da var me inne i siste tiden i drektigheita. Magen er stor og tung. Zelda har tydeleg preg av at dette er slitsomt. Mykje liv og røre så det skal bli spennande å sjå kor mange som kjem.
Zelda får no mat fleire gonger for dagen i små porsjonar. Matlysta er ikkje heilt på topp om morgonen, men kjem seg utover dagen. Høne er kokt og med god kraft er dette smakfullt og god næring. Valpekassen er klar, og alt utstyret er i hus. Måler no temperatur morgon og kveld for å følge med på utviklinga. - 16. feb, 2015
-
7 veker
..og magen blir større... Zelda har lagt på seg 5,5 kg til no. Formen er fin, men ho begynner å bli litt tung så det er ikkje så stor fart når me er på tur. Har vore til dyrlegen og tatt røntgen i dag. Litt greitt å ha ein viss peiling på antall i tilfelle det skulle skje noko under fødselen. Siste 2 vekene i drektigheita er dei tyngste for tispa så no blir det ei rolig tid framover for Zelda.
- 8. feb, 2015
-
43 dagar (veke 6)
I dag har Zelda begynt på valpefor og matmengden er auka litt. Har bestemt oss for å dele opp i 3 måltid no. Zelda meiner sjølv ho får for lite mat så håpet er å dempe verste svolten. Valpeforet har meir energi enn vanleg for så det er greitt å gje dette siste vekene før fødsel. I tillegg får ho råfor som Vom, grønnsaker, litt surmelk, olje og diverse anna smakfullt.
Har målt livvmålet i dag og det er på 67 cm så ho har heilt normal utvikling. Tida framover no går fort, så denne veka blir det å gjere klart kvelperommet, kasse m.m. så ikkje det vert stressfaktor i siste veka. - 1. feb, 2015
-
36 dagar (5 veker)
Det begynner og fylles... No er det tydelege tegn på at det vokser i magen. Zelda er begynt å endre fasong og ho er ikkje feit.. ;)
Nå vil tispa vanligvis vise tydelige tegn på drektighet ved endret atferd, men det er enda ikke synlig på buken og man kan ikke lengre kjenne valpene som i uke 4.
Den mest risikofylte tiden, hvor kjemikaler og andre stoffer har kunnet skade fosteret, er over.
Tarmsystemet begynner å dannes, men det befinner seg enda i navlestrengen.
Øyne anlegges, øyelokkene formes og øreflippene vokser seg så store at de nesten dekker øregangen.
Værhårene over øynene og på overleppa anlegges. De ytre kjønnsorganer begynner å utvikles, 5 par dievorter, samt melkekjertler dannes.
Potene begynner å utvikle seg, til det som senere blir tær og tredeputer.
Ganen lukker seg på ca 33.dagen, og faren for ganespalte er nå over. - 26. jan, 2015
-
30 dagar (4 veker)
Zelda er i fin form. Matlysten er på topp og helst ville ho hatt mat heile døgnet. Ho får variert kost og me har auka litt i mengde. No er det ikkje tid for slanking..
- 22. jan, 2015
-
25 dagar i drektigheita
For å vere heilt sikker vart det teke ultralyd i dag for å få bekrefte at Zelda var drektig. Ho har vist alle tegn til dette heilt sidan vi kom heim frå Oslo. Dei siste vekene har det vore ekstrem matlyst, mykje søvn og ein verdighet som berre lyser "eg er drektig eg...". Sprek og i fin form så me fortsetter med trening og turar.
Inseminering på rett dag...
Zelda vart inseminert på veterinærhøgskulen siste dagane i desember 2014. Sidan Milo er i Tyskland, og det vart forventa parring i verste julehøgtida, bestemte me oss for å importere frossen sæd denne gangen.
Spenninga var stor om vi klarte å treffe rette dagen. Med julefri både her og der var det ikkje så lett å få teste med blodprøver. Dag for første oppmøte vart bestemt og med godt mot vart kursen sett til Oslo.
Marginane var på vår side og vi traff nøyaktig på rett dag 😀så no er det berre å vente i spenning.
Zelda har hatt 2 normale parringer og fødsler tidlegare.
Nyeste kommentarer
Hei.
Jeg har fått dere anbefalt av venn og nabo som har tispe fra dere. En nydelig hund med fantastisk gemytt. Jeg ønsker engelsk springer spaniel fra en solid og seriøs kennel.
Takk for hyggeleg melding, Har sendt deg ein epost :)
Hei! Snakket med en koselig dame som hadde fått en tispe av dere for to år siden, og hun anbefalte dere varmt. Vi er nemlig på jakt etter en ESS med godt og rolig gemytt. Vi har en collie på 9 år.