Da var valpekassa tom for denne gang

Batgirl er flytta til ny familie og skal nok få eit aktivt liv med kjekke folk.

Og vi kan så smått  begynne å normalisere oss til eit liv med 3 hundar. Batman har mykje godt og spennande i vente så det er berre å begynne treninga.

Litt vemodig er det å sende heile fine gjengen ut i store vide verden. Men, tilbakemeldingane er at alle har det bra og det varmar eit oppdrettarhjerte.

Batgirl har flytta ut.... og flytta heim igjen

Batgirl 11,5 veker.

Dessverre gjekk det ikkje som planlagt og Batgirl måtte flytte heim etter vel ei veke i ny familie.

Me prøver no å finne ny til ho. Har hatt kontakt med fleire, men det har ikkje heilt vorte "napp". Ho nyter no livets glade dagar med bror Batman (Battis) og synes egentlig at ho har det veldig fint. 🙂

Dei får vere med å oppleve nye ting, men i tida framover blir det viktig at dei er med aleine og ikkje har støtte av kvarandre eller Zelda og Ariel.

Begge har fått grunnvaksinen (3 mnd) og skal også ha ein ny runde med ormekur.

Flyttemelding

hm... kva pønskar desse på?

Braveheart, Bluebell, Betty Boop og Bodyguard har sendt flyttemelding.

Braveheart tilbringer store deler av våren/sommaren på hytta ved sjøen før han flyttar til Sandefjord for vinteren.

Bluebell er flytta til Oslo og skal bli "byjente", men eg tenker ho får mange flotte turopplevingar på fjell og vidder.

Bodyguard reiste forrige onsdag, med ein liten stopp i gode hender i Målselv, er han no snart på plass av sin nye familie i Sortland. Flyturen fra Gardermoen gjekk supert. Takka vere god organisering og kjennskap, fekk han reise trygt og godt inne i kabinen.

Betty Boop fekk vere med til Gardermoen og vart levert til sin nye familie på turen heim. Ho er også i Osloområdet. Sidan dei allereie hadde vore på besøk, var det greitt at dei slapp å køyre til Årdal to dagar etterpå for å hente ho.

Batgirl skal flytte kommande torsdag til Dalekvam/Voss, så ho blir veldig nær.

Og Batman... han blir igjen heime 😀

Kvar har vekene blitt av....

Zelda og Braveheart funderer på livet.. ;)

Svusj så var 8 veker gått og B-gjengen er klar for å flytte til sine nye heimar.

Bluebell har pakka veska og er klar for å flytte til Oslo. Braveheart har ikkje heilt bestemt seg for kva han skal bære med seg på turen til Sandefjord. Men, er nesten ferdigpakka trur han. Begge reiser på lørdag.

Så får vi nokon dagar med "berre" 4 kvelper før Bodyguard tar snippveska og reiser nordover til Sortland og Betty Boop blir med på flyttelasset, men stoppar i Oslo.

Batman har ikkje lyst å flytte frå mor og blir igjen heime. 🤪 Batgirl er litt uavklart enno, men i utgangspunktet blir ho på vestlandet.

Er godt fornøgd med heile kullet. Dei har utvikla seg fint både mentalt og kroppslig, så det er 6 ulike individ som skal ut i den store verden.

Skal bli spennande å følge heile gjengen i åra som kjem.

For ei spennande veke for B-gjengen

Bodyguard, Bluebell og Braveheart har drakamp.

19.4.2015

Da er det blitt 7 veker, eller rettare sagt 7 1/2 er dei i dag.

Veka har vore fyllt med mange opplevelsar. Vi har hatt besøk av Alice på 7 år og venninna på 6 år. Kvelpene elska Alice og ho handterte dei heilt supert. Venninna var litt meir forsikt og det utnytta dei til det fulle 🤪

Det har vore besøk av veterinær, med helsesjekk, vaksinering og chip. Alle kom igjennom kontrollen med status som friske, fine kvelper. Ingen problem å stå på bord for å bli sjekka både her og der. Etter veterinærsjekken vart det ein liten køyretur til nabokommunen Lærdal, og det vart tur i skogen for store og små.

Lørdag var heile gjengen med til Gaupne på besøk av kennel Desperado. Her vart dei sjekka og vurdert av 3 andre oppdrettarar. Dei fekk teste nytt miljø, køyre lang biltur med både ferje og mange tunnelar. Ein fin oppleving som dei takla kjempeflott.

Ariel og Zelda fekk seg ein god tur i skogen med resten av Desperadogjengen så det var slitne to- og firebeinte som reiste heim på ettermiddagen.

Været er heilt nydeleg no og kvelpen er ute fleire timar for dagen. Dei får styre på som dei vil i hagen.

Vi har teke mange nye bilder og filma litt. "Dessverre" for dykk er været så fint at vi ikkje har brukt så mykje tid til å laste dei opp.

Skal skjerpe oss 😙

 

6 veker..

Dei er over alt! Utforskar og lurer på kva dei skal finne på av fanteri 🙂

Sunne og friske kvelper som utviklar seg med stormskritt. Dei har fått ny runde med ormekur, er begynt på valpefor og får vere ute. No har været blitt så stabilt fint at dei har sidan laurdag fått lov til å vere ute fleire ganger for dagen. Prøver å få heile gjengen ut rett etter soving og etter foring. Sånn lærer dei at toalettbesøka er lurt å gjere ute.

Veterinærtime er bestilt så neste veke er det vaksinering, helsesjekk og chip.

 

Morgonfrisk gjeng

Rydding...

Batman og Braveheart

Besøk og første tur i stova

Lunsjen blir servert på stovegolvet. Matfar, Ariel og Zelda passar nøye på.

29. mars 2015

I helga har vi hatt hyggeleg besøk av Batman eller Braveheart sin nye familie. Føler oss trygge på at den som blir utvalgt og får reise til Sandefjord vil få ein god heim.

Elles har alle kvelpene hatt sin første tur i stova. Laurdag var det riktignok inngjerda og avgrensa område, men søndag var det fritt spelerom for heile gjengen. Ariel fekk helse på alle sammen og ho takla rolla som storesøster veldig bra. Ikkje noko stress på den frøkna.

Ingen av kvelpene syntes det var spesielt skummelt å komme i nytt rom. Utforskartrangen var nok sterkast.

Alle har fått tenner og no er det små piraya som synes det er veeeldig kjekt å finne ei tå som dei kan bite i. Betty Boop (Flekken til dagleg, sidan ho har ein brun flekk i nakken og er tan) fann seg eit margbein som var deilig å knage på.

Nokon dagar til med jobb så blir det fine påskedagar og nye ting å utforske for heile gjengen.

B-gjengen 4 veker

4 veker og det er liv i leiren

Bodyguard nyt maten..

25.3.15
No begynner det virkelig å bli små personligheiter som møter oss. Kvelpene er flytta ned i 1. etasje og har vokse ut av kassen. Det er sett opp kvalpegrind på "hunderommet" som ligg rett ved sida av stove/kjøkken. Her får dei alle inntrykk og lydar som er i ein heim dagleg. Dei er i full gang med dotreninga og har veldig fort kobla inn at teppe er soveplass og aviser/pad er tisse/bæsjeplass. Litt uhell er det, så vaskemaskina vert utsett for teppevask dagleg. 

Fra i dag har dei gått opp til 4 måltid om dagen. Kvart måltid blir servert med innkallingssignal (plystring) så dei koblar dette til mat. Fungerer supert når dei blir eldre i kombinasjon med godbit/leik.

I går vart det ein runde med dusj på heile gjengen. Kvelpene boltrar seg i matfatet og det var behov for ein skikkeleg rundvask. Zelda og Ariel fekk samme spabehandlinga, og i dag har dei òg fått ein klipperunde med saks og maskin. Deilig å få hundane klare til påske. Zelda får no vere med på turar i skogen og vil gradvis bygge opp igjen kondisjonen. Den er ikkje heilt på topp no..

Me har teke hovudbilde av kvar enkelt, men har ikkje vore fornøgd med kvaliteten. Så de må vente litt i spenning på nyare hovudbilder. 

Det er fortsatt for kaldt ute til at dei har fått prøve seg i hagen. Vi får sjå korleis det blir i løpet av påsken. 

 

Batman; så store øyre du har tante Ariel...

Foringstid.. her går det ned på høgkant.

Kosestund med mor.

B-gjengen 17 dagar

Ein liten videosnutt fra valpekassen

Alle har opna augene..

Zelfas Betty Boop drikker av melkeblanding av skål.

..og alle har fått navn. Det har blitt nokon rundar med navn før vi klarte å bestemme oss. 

I dag har alle fått litt melkeerstatning fra Lactazor med eggeplomme i. Me begynner no forsiktig å venne til magen med litt melkeblanding, maiziennavelling og så litt rått reint kjøtt. Ikkje større bit enn ei ert første gangen.
Etterkvart vil dei få Royal Canin (RC) sin babymousse før dei skal begynne med RC sin Starter (tørrfor). DA blir det liv i leiren..🤪

Det er snart tid for ny runde med ormekur og kloklippen går sin gang.

Me har og sett opp valpegrind i stova så Zelda får vere selskaplig med oss om ettermiddagane og ha kontroll på kvelpene samtidig. Ariel synes det er spennande og er heilt fasinert over desse små springertrolla.

Og navna... jo det vart; 
Valp 1 tispe brun - Zelfas Betty Boop
Valp 2 svart hann - Zelfast Batman
Valp 3 svart hann - Zelfas Braveheart
Valp 4 brun hann - Zelfas Bodyguard
Valp 5 brun tispe - Zelfas Bluebell
Valp 6 svart tispe - Zelfas Batgirl

Kloklipp og ormekur

Alt er stilt og roleg i kassen.

Kvelpene har fått sin første kloklipp. Viktig jobb som me startar tidleg og dette må dei no gjennom 1 gang i veka fram til levering. Greitt for Zelda så ho ikkje blir klort opp av små kvelpeklør. 

Første runde med ormekur er også innteken til stor latter for oss. Det var skikkeleg uff og æsj.. makan til grusom smak me utsetter dei for. Me gir Banminth pasta og alle sammen får dette 3 gonger før levering.

Den eine kvalpen er begynt å opne augene. Alle sammen er begynt å stable seg på beina og prøver med små steg. Den største svarte hannen klatra likegodt ut av kassen så no er luka stengt fram til dei skal få frie tøyler. Ellers får me vel "flukten fra valpegården"..

Nye enkeltbilder vil bli komme ut med navn...😙

10.3.15

Sånn går no dagane... Zelda er ei lita bortskjemt frøken og ville nok helst ha selskap oppe i kassen av matfar/mor.. Kvelpane utviklar seg fint. I morgon er dei 1 veke allereie.

Det går framover..

Vi flytter no over frå drektighetsdagbok til valpedagbok og her kan de følgje utviklinga på vårt B-kull. 

Dei tre første kritiske døgn er no over og me ser at det stabiliserer seg. To av tispene har hatt litt problem med å få i seg nok næring, så her har vi hjulpe til i kampen om dei beste spenene. Begge er no på veg oppover på vektskalane og vil nok ta igjen dei andre ganske fort. Dei eine svarte hannen er glupsk og grådig som da viser igjen på vekta. Dei andre utvikler seg normalt og har ein fin vektkurve.

Me har ikkje klart å bestemme oss for namn enno.

6 valper født 25. februar

Valp 1: Tispe født 12.05 - lever/hvit 370 gram

Valp 2: Hann født 12.40 - svart/hvit 450 gram

Valp 3: Hann født 12.56 - svart/hvit 360 gram

Valp 4: Hann født 14.03 - lever/hvit 410 gram

Valp 5: Tispe født 14.35 - lever/hvit 350 gram

Valp 6: Tispe født 14.50 - svart/hvit 380 gram